 






| |

Allmennsoge.
Korleis var det å gå på skulen for 80 år
sidan, arbeida som "taus" (tenestejente) eller "sildatippe",
vera ung i 1930 og 1960, driva gard i 1950 og 1980? Når
kom straumen i Fusa? Kva tid fekk folk frysebok og når
vart det vanleg med traktor på gardane? Kva var margarinfabrikken
"Viking" og "Sævareid Karton- og Papfabrik"?
Når starta ferjetrafikken Fusa-Hatvik og kvifor vart
Hålandsdal, Strandvik og Fusa slått saman til ein
kommune? Dette - og mykje meir - skal du finna svar på
i den nye bygdeboka for Fusa. Ho skal handla om den historiske
utviklinga i Fusa dei siste hundre åra på område
som folkesetnad, samferdsle, kvardagsliv, næringsliv, skule,
kulturliv, kommuneadministrasjon og politikk. Samstundes skal
boka gje nokre svar på kvifor Fusa kommune som politisk
og geografisk eining har dei særtrekka me finn i dag. Boka
skal vera lesarvenleg med sprek bokbunad, mange bilete og gode
kart. Ho skal etter planen koma ut i år 2002.
Fotoregistrering.
Det skal samlast inn foto som kan gje innblikk i hendingar og
levemåtar i Fusa dei siste hundre åra. Ny teknologi
gjer det mogeleg å digitalisera bileta og lagra dei inn
på cd-rom-plater. Eigaren får såleis original-fotografiet
raskt attende.
"Bygdebok i nettet".
Me ønskjer og å bruka den nye datateknologien i
formidlinga av bygdeboka og kjeldestoffet. På sikt håper
me å kunna leggja ut på internett både tekst,
foto og arkivmateriale. Førebels presenterer me nokre
smakebitar frå dei rikhaldige kjeldene på heimesida
vår.
 |
Lokalhistorisk Arkiv i Fusa (LAF).
Kjeldestoffet som er samla inn ligg i LAF på Fusa folkebibliotek
i Kommunetunet. Her er lagsprotokollar, handskrivne blad, medlemslister,
rekneskapsbøker, livsminne, songar, segner, gåter,
ordtak, skisser av gamle gardstun, flyfoto frå heile kommunen,
avisutklipp, folketeljingar, skuleoppgåver m.m. Men me
treng meir! Kjenner du nokon som har møtebøker
frå eit lag eller ein organisasjon, amerika-brev, gamle
bilete, postkort eller dagbøker? Ta kontakt med bibliotek/kulturkontor!
Bygdeboknemnd.
Kommunestyret har vald ei bygdeboknemnd der desse er med: Knut
Skåtun (leiar) - Vinnes, Anders Kåre Engevik - Sævareid,
Brit Fosså - Eikelandsosen, Anne Martinsen - Hålandsdalen
og Einar Nymark - Holmefjord.
|
| Bygdebokforfatter
Ella Marie Brekke Vangsnes |
Forfattar.
Ella Marie Brekke Vangsnes (f. 1964) er tilsett som bygdebokforfattar.
Ho er utdanna etnolog med historie som støttefag, har
arbeidd med museumsformidling, som lærar og lokalavisjournalist.
Ho var redaktør for krigsminneboka "Verda inn over
dørstokken" i 1995. Ho er frå Voss, men har
vore busett i Fusa kommune sidan 1992.
|