Komunevåpen Fusa Fusasoga
Bygdabok-prosjektet
Smakebitar frå kjeldene
Tema

Fakta om Fusa
Kart over Fusa

Kontakt oss
Skjermkontakt med lokalhistoria

"Konfirmasjonsdagen
var ein fin haustdag"

Konfirmasjonen vart påboden ved lov i 1736. Konfirmasjonsførebuinga skulle vera ei undervisning i kristendom som førte fram til ei prøve på kyrkjegolvet framfor kyrkjelyden.

I starten var dette den einaste organiserte undervisninga av norske barn. Seinare kom lova om folkeskulane, men også der var føremålet med undervisninga konfirmasjonen. Først i 1899 vart det sett eit reelt skilje mellom skulen og konfirmasjonen.

I dei vel 260 åra som har gått sidan innføringa har konfirmasjonen og skikkane knytt til den, endra seg. Dei fleste informantane til bygdesoga hugsar konfirmasjonstida si, og i alle fall  konfirmasjonsdagen, godt. Det er tydeleg at konfirmasjonen har vore ein av dei store hendingane i livet. Konfirmasjonsalderen var 14 år, og konfirmasjonen  markerte overgangen frå barn til vaksen - med det det innebar både av plikter og rettar.

Innskrivinga

I tillegg til å vera ein kyrkjeleg institusjon, var konfirmasjonen i tidlegare tider òg ein sivilrettsleg institusjon. Før ein var konfirmert, kunne ein ikkje gå inn i militæret, vera fadder ved dåp, vitna i retten eller gifta seg. Frå starten av varierte konfirmasjonsalderen, og ein kunne risikera at ein ikkje "vart framsloppen".

Lærar Karl Tveit frå Strandvik fortel om ein gut som tente hos soknepresten. Han gjekk for presten om somrane år etter år, men slapp ikkje fram. Han "Far" ville nytta ut den store, sterke guten. Men so ein haustdag då guten var vaksen så å seia, tok han seg mannskap til og gjekk på prestekontoret. "Nei, no lyt presten sleppa meg fram, for no har eg tenkt å gifta meg." Og då slapp han."

Bertha - konfirmert i 1916: "Forklaringa og bibelsoga måtte me kunna på rams når me vart innskrivne for presten. Marstrander var ikkje nådig såleis."

Ella 1927: Ho skreiv seg inn til konfirmasjonen andre påskedag i 1927 - i prestebytet mellom Søren Hansen og Grahl-Nilsen. Det var difor prost Saure på Os som skulle skriva dei inn. Ho syntest det var veldig spennande.

"Besto" hadde sagt til oss at hvis me ikkje kunde gudsorde-bøkena utante, så fekk me ikkje sleppa fram for presten. Slik hadde da vore i deira tid. Me las og las og kunde alt," fortel Ella.

 
Elisa Vindenes, konfirmert i 1917
 
Så kom dagen, ho hugsar at dei gjekk til kyrkjes frå Øvre Hålandsdalen. Det var meinsis og ikkje skikkeleg føre til å køyra.

Konfirmantane med foreldra sat heilt framme på dei første benkene nede i kyrkjo, presten sat oppe i koren ved eit lite bord.

"Eg hugsar at me song "Å tenk på Gud i ungdoms år". Presten las Davids-salma "Herren er min hyrde" og talte over det. Eg hugsar ikkje preika. Tenkte berre på det som skulle skje etterpå. Så vart me ropte opp kvar konfirmant til bordet framme i koret, men han spurde oss ikkje i leksa, ikkje eitt ord. Det vart me litt skuffa, me som hadde lagt så mykje arbeid i å læra alt utåt. Presten hadde ein liten kommentar til kvar, og så song me "Med Jesus vil eg fara".

 

Førebuinga

I lova om konfirmasjonen av 1736 står det at kristendoms- undervisninga skulle vera slik "at de ei alene anføres til at fatte den Bogstavelige Mening af de fornødneste Troens Artikler, men endog opmuntres til den levende Kundskab deraf, og bringes til en sand Hjertets og Sinds Forandring."
Mange av konfirmantane hadde lang veg til konfirmasjons- førebuinga, og dei kan fortelja om mange strabasiøse turar til lands og til sjøs.
Førebuingstida var om sommaren, ein dag i veka, og medrekna reisa gjekk ofte heile dagen med.

Kari 1905: "Den tidi presten hadde konfirmasjonsundervisning, likte eg svært godt. Kameratane som var frå heile kommunen (Fusa), vart eg lite kjend med. Me hadde "middagsstund". Men eg hadde so liten veg at eg måtte gå heim og eta på den stundi."

Borghild 1920: Ho fortel at ho gjekk frå Tombre til Eikelandsosen for presten i bedehuset der, ein gong for veka heile sommaren. Ho vart innskriven 18. mai og konfirmert 26. september. Ho og to andre frå Tombra rodde til Bjørndal og gjekk resten av vegen. To frå Skogseid hadde båt for seg frå Skogseidøyro. Dei drog heimanfrå i 6-tida om morgonen, skulle vera i Eikelandsosen til kl. 11. Det var langt å gå, og vegen over Bjørndalsåsen var ikkje fin. "Men me hadde gode støvlar," seier ho.

Trond 1924: "Før eg og kameratane mine slutta skulen våren 1924, vart me innskrivne for presten, som det heitte. Då samlast alle som skulde konfirmerast om hausten frå heile Strandvik sokn i ungdomshuset i Strandvik til konfirmant-førebuing. Kvar tysdag var me so med på det fram til i oktober månad då me vart konfirmera. Presten var ein yngre mann, og ein frisk type. Kanskje litt morsk, men ein kar som gjerne vilde gjeva oss ei barlast med i livet."

Ella 1927: Konfirmantane frå Øvredalen gjekk for presten 14 gonger, stundom gjekk dei til Holdhus og stundom hadde han dei når han hadde ærend oppe i dalen. Dette var i prestebytet mellom Søren Hansen og Grahl-Nilsen. Dei byrja i mai, då den nye presten var på plass, og grunna prestebytet hadde dei konfirmasjonen litt seint det året, 23. oktober.  
 
Ungdommar frå Lygrepollen samla framfor Sundvor-kyrkja i samband med ein basar sommaren 1931. Fleire av dei gjekk for presten.
Gudrun 1929: "Då gjekk me til Holdhus og dar møtte me presten. Undervisninga den var i ungdomshuset, i da gamla ungdomshuset på Holdhus. Me va så vane med da (å gå) i dei tio, veit du. Måtte gå om me sku noken plasse. Helde sykla, men så tidleg trur eg ikkje at eg hadde sykkel, da fekk eg seinare."

Gunda og Martella 1930: Dei var med i det første kullet frå Lygrepollen som vart konfirmerte i Sundvor-kyrkja, men dei gjekk for presten i Strandvik. 12 konfirmantar frå Lygrepollen vart skyssa over fjorden i Einar Sundvor sin vesle båt - i allslags vêr. Konfirmasjonsførebuinga var i ungdomshuset. Heile dagen gjekk med. Presten var Grahl-Nilsen.

Klara 1934: Ho gjekk også for presten hjå Grahl-Nilsen på Holdhus. Presten sykla frå Fusa til det gamle skulehuset. Dei var tre jenter og seks gutar det året, men berre to frå Øvredalen. Den andre var ein gut, og dei kunne ikkje gå saman til Holdhus. "Me gjekk slik at me såg i kvarandre i svingane," minnest ho. Ein av konfirmantane var ein gut frå Tombravikjo som var så høg. Ho hugsar presten sa: "Du Alfred, du er så stor, du kunne vært far til dere alle sammen". Det var ein grei prest, syntest ho.

 

Svart kjole, hatt og paraply

Mange hugsar godt konfirmasjonskleda sine. Jentene skulle ha svart kjole - med varierande skjørtelengde - og mørk kåpe. Gutane fekk dress, og dei eldste konfirmantane hugsar konfirmasjonen som overgangen frå knebukse til langbukse. Elles høyrde hatt og paraply med for gutane dei første tiåra av dette hundreåret.
Tradisjonen med å få bunad til konfirmasjonen er ikkje gammal. På Baldersheim hugsar dei at ei jente hadde bunad til konfirmasjonen i 1949, men vanleg vart det ikkje før på 1970-talet.

Borghild 1920: Ho hadde svart konfirmasjonskjole. Kristina Tombra på nabogarden sydde til både henne og besteveninna Elisabet. Ho reiste til Amerika til ein onkel då ho var 17-18 år og vart der nesten resten av tida si. Kristina sydde litt til andre, men dreiv ikkje med det som levebrød.

Stoffet til konfirmasjonskjolen trur ho var kjøpt på Sævareid. På handelslaget og hjå Bergesen hadde dei alltid tøy og sko så folk var hjelpne og slapp å reisa til byen.

Ho hadde kjøpesko til konfirmasjonen: "Det var støvlar me hadde då, med reimar i, og te høgare di va, te flottare va di!"

Knut 1921: "Langbukse fekk ein fyrst til konfirmasjonsdressen. Den blei sydd av skreddar her heime (Eikelandsosen), og han måtte ha det travelt, for eg hugsar at då eg skulle henta dressen min laurdagen før konfirmasjonssundagen min, ja, då var ikkje buksa ferdig. Eg fekk ikkje buksa før sundags-morgonen."

 
 
Først dei siste 20-30 åra har det vore vanleg å konfirmera seg i bunad i Fusa. Mari Raunsgard konfirmert i 1997.
Aksel 1923: "Då me var smågutar, gjekk me i kortbuksa, altså buksa nådde ikkje lenger enn ned til kneet. Då me vart konfirmerte, fekk me lang buksa med brett nede.
Eg kan ikkje huska i detalj frå den dagen, men eg huskar eg tente til alt som eg trengde av klær, og sko hadde eg tent til sjølv, og eg hadde Thea Røkenes med meg til Bergen og handla alt som eg trong. Det var fyrste gong eg hadde klær som var kjøpt ferdige."

Herborg 1925: "Eg hadde fenge ny svart kjole. Blå kåpa, mi aller fyrste. Og brun hatt med grønt band rundt pullen. Kan tru eg var stilig. Eg tykte sjølv at eg var utruleg stygg. Men det var far som fylgde meg til Bergen for å kjøpa utstyr. Eg vart ikkje spurd om kva eg lika. Han kjøpte det han tykte om."

Ella 1927: Ho hadde svart kjole, svarte sokkar og svarte sko og stor, svart sløyfa i nakken. Og så hadde ho fått seg grå kåpe og hatt. "Eg trur det var "Hauajentene", sydamene på Holdhus, som hadde sydd kåpa og kjolen."

Gudrun 1929: "Eg huska at me hadde svarte kjolar alle, da sku ein ha i dan tio. Da måtte vera svart. - Hadde du fått sydd den spesielt for konfirmasjonen? - Jadå, me fekk konfirmasjonskjolar, som da hette. Da fekk alle sydd da."

Gunda 1930: Ho budde i Lygre og var konfirmert på Sundvor. "Me hadde kvite kjolar adle - sju jente. De fant på da Sundvorsjentene, og så laut me ha da me andre òg." Det var kjøpekjole.

Martella 1930: "Eg trur eg var den som hadde kortaste kjolen! Kjøpt i byen. Kvit kjole konfirmasjonsdagen. Ny svart kjole ved altargangen første preikesøndagen etter konfirmasjonsdagen."

Klara 1934: Ho og mora drog til byd'n for å kjøpa kjole og kåpa. Dei følgde gamle "Rustung", ein gammal motorbåt frå Eikelandsfjorden, til Bergen. Det gjekk ein dag på turen, og så låg dei ein dag hjå slekt i byen. Ho fekk svart kjole med kreppsilke og lange armar. Kjolen nådde henne midt på leggen. Svart kåpa høyrde med, men ho hadde ikkje hovudplagg.

 
 
Inger Berge konfirmert i 1946

Bård 1937: "Konfirmasjonskleda var mørk dress, skjorta, slips - sume hadde sløyfa - hatt og paraply og skapelege sko. Det vart ein bytur for å dressa seg opp, og det var som regel første byturen."

Tora 1941: (frå Lygre) "Eg hadde mørkeblå kjole. Var til Tørvik og fekk sydd klena. Da var under krigen, var ikkje så godt å reisa å kjøpa noke ferigt i byd'n då. Så me fekk fat i tøy og fekk sydd."

Bjarne 1944: "Konfirmasjonsantrekket var ikkje lett å skaffa. Mødrene vov og sydde, eller sydde om gammalt. Ein konfirmant hadde fått sydd seg skjorte av frakkafôr. På Baldersheim la handelsmannen unna kjoletøy til konfirmantane frå år til år."

Dei som hadde gard, hadde òg bytemiddel. Bjarne sjølv hadde eit heimelam som han fekk bytt i ein sykkel.

"Me bytte rømme, fløyte, kjøt og poteter i stoff frå Arne fabrikker. Ei kone frå Vinnes hadde kjenningar på fabrikken, og ho skaffa konfirmasjonsklede til dei fleste her. Magnus Vik i Strandvik var skreddar. Mor gav han beskjed om å sy kleda store så dei skulle halda nokre år! Skoa var kjøpte året i førevegen - og dei var for små," minnest han.
Forsyningsnemnda i Strandvik hadde to par sko på kort til konfirmantane i 1944. Det var 48 konfirmantar i Strandvik-kyrkja

Martha Marie 1949: "Då eg var konfirmert i 1949, var vi 22 jenter, og det var ei av dei som hadde bunad. Eg trur da va ganske begynnelsen. Det var meir vanleg med sånne fotside kjolar då. Eg hadde fotsid blå kjole."

 

Konfirmasjonsdagen

Konfirmasjonsritualet har endra seg frå avlegging av ein lovnad til ei forbønshandling. Tidlegare måtte kvar konfirmant svara ja på at ho eller han lova å forsaka djevelen og tru på Gud, Jesus og Den Heilage Ande. I dag vert kvar enkelt konfirmant velsigna etter at dei har sagt fram truvedkjenninga saman med kyrkjelyden.
For mange har nok konfirmasjonen òg endra innhald frå å vera ei kyrkjeleg høgtid til å bli ein ungdomsfest der gåver og feiring er det viktigaste.
Dagens konfirmantar opplever konfirmasjonen på ulikt vis, og det gjorde dei også tidlegare.

Kari 1905: "Konfirmasjonsdagen var ein fin haustdag utan skyer av noko slag. Barnetrui var urikka, so eg kunde svara mitt ja med stor glede. Planar for framtidi hadde eg. Og barnetrui gjorde at eg ikkje var redd for dei store vanskar som eg visste var i vegen."

Borghild 1920: "Eg hugsar det var fint vêr på konfirmasjonsdagen. Tante frå Eikelandsosen kom og var med heim frå kyrkja. Alle syskena mine kom heim. Eg fekk mange konfirmasjonskort, både frå andre konfirmantar og familie og naboar. Trur ikkje det var noko særleg gåver anna enn det ein trengde til konfirmasjonen. Eg fekk ei fin sølje hjå bror min, Anders. Engel (ein annan bror) kjøpte skorna."

Aksel 1923: "Eg vart konfirmert i 1923 av sokneprest Søren Hansen. Eg hugsar so godt den dagen, for me hadde so nær komme for seint. Det var eg og Hans H. Helland som var konfirmantar frå Helland det året, og me skulde følgja skøyta til Einar Holmefjord. Han fekk maskinskade då me kom halvvegs, men heldigvis såg Hans Austestad det. Han gjekk (med båt) til kyrkja frå Austestad. Han snudde og tok alle med seg til Fusa, men eg huskar me kom i siste liten."

 
 
Konfirmasjonskort frå 1930. Teksten inni lyder slik: "Hvad livet bringer? Det spør du nu. Prøv dine vinger! Sæt al din hu til god at være og stort at naa. Alt godt vil da du av livet faa!
Trond 1924: "Konfirmasjonsdagen var ein høgtidsdag i kyrkja, med mykje folk samla. Noko stor stas heime var det nok ikkje for dei fleste. Me hadde fått det me trong av sko og klede, og so salmebok og regnhatt. Noko som var det vanlege til den dagen. Kanskje me var vel so godt farne som konfirmantane i dag då so mykje vert mælt i pengar."

Herborg 1925: "Konfirmasjonsdagen min hugsar eg særleg godt. Det var 04.09.1925. Konfirmasjonsdagen skulle eg sleppa å ro. Skulde sitja i "skuten" då. Hugsar at eg fraus.
Me stod der på kyrkjegolvet og vart forhøyrde. Me var so nervøse at me svara vel litt i hytt og ver - til stor skam for foreldri våre. Presten Søren Hansen var svært streng. Me var levande redd han. Hugsar so vel den tordnande tala han heldt den dagen: "Jeg kan ikke tenke mig noe verre enn å se dere merket av synden, og å måtte vie et par som er nær ved å bli far og mor før de er gifte." So spurde han, medan me knela for han på altarringen, om me vilde "forsaka djevelen og all hans gjerning og alt hans vesen." Me svara ja alle saman. Kunde ikkje anna. Eg var berre 14 1/2 år den gongen. Visste lite om djevelen. Trudde ikkje so mykje på han heller."

Ella 1927: Konfirmasjonsdagen skulle ho få bila til kyrkje. Det var ikkje vanleg i dei dagar, men gamle lensmann Warhus ville så gjerne at ho skulle få bila, og sende ein sjåfør. Tveita var endestasjonen i lensmannsdistriktet. Når lensmannen var i Øvredalen, låg han ofte heime hjå dei på Tveita - difor fekk ho lensmanns-skyss til kyrkja.
Foreldra, mormora, broren Ingjald og systera Gudrun var med til kyrkja, men ho hugsar ikkje om dei to småsystrene var med.
Det var 21 konfirmantar i Hålandsdalen det året, 10 av dei frå Øvredalen. På konfirmasjonsdagen vart dei spurde litt.

Gudrun 1929: "Eg huska da va atten konfirmantar. Så vart me no spurde ei lita lekse då på kyrkjegolvet veit du, den gongen.
- Hadde dåke noke feiring av da heima?
- Ja, me hadde no ein skikkeleg god middag, da huska eg no for då var fadrane bedne. Dei fekk middag og kaffi.
- Fekk du gåver òg?
- Ja, da gjorde eg. Da gjekk no mykje på pengar eller nokon kroner veit du, i den tio."

Klara 1934: "Det var ikkje så mange som var med på feiringa. Onkel og tante frå Baldersheim." Ho hugsar ikkje at dei var bedne dei som var fadder på henne. Middagen var sosakjøt.
Ho hugsar ikkje til konfirmasjonskort og ikkje gåver - trur det var svært lite. "Det var jo ikkje råd hos folkje. Folk hadde jo ikkje pengar i -34!"
Ho var nervøs for overhøyringa. "Me var jo ikkje oppskulerte te noke anna enn te å vera nervøse. Me lærde ikkje te å stå fram, og da har følgd oss alle dagar."

Bård 1937: Bård frå Lygre gjekk for presten på Sundvor første året dei gjekk der. Presten heitte Knut Øygard. Han var vikarprest mellom Grahl-Nilsen og Skauge. Det var 14 konfirmantar i hans kull frå heile Podlen, Lukksund og til og med Nordtveit.
Det var ikkje noko feiring slik som i dag. Han hugsar ikkje etter gåver. Men konfirmasjonskort fekk dei - frå medkonfirmantane og eitt og anna utanom. Dei selde kort på butikken på Sundvor.

 
Konfirmantane i Sundvor-kyrkja 1939.

Tora 1941: Dei var åtte konfirmantar frå Podlen og Nordtveit i Sundvor-kyrkja. "Me va tre jente og fem guta." Prest var Skauge. Overhøyring og konfirmasjon var same dagen. "Va alltid da då før." Då dei kom heim, hadde dei sosakjøt til middag og potetkaker og Nordlands-kaker til kaffi. Presangar? "Ja, eg fekk ein presang hjå ho som var gudmor. Da va hårkost og kamb."

Bjarne 1944: Han vart konfirmert nest siste krigsåret.  Fadrane og den næraste slekta var innbedne.
"Ei kona på Os laga brød av havregryn som me hadde til konfirmasjons- mat. Elles var det sauekjøt og sodd, og me slakta eit heimelam." Gåver vanka det òg: Han fekk både setlabok, kniv og mansjettknappar.

 

Frå barn til vaksen

Konfirmasjonen følgde som ei avslutning på skulegangen. Dei første 30-40 åra av dette hundreåret var det få som fekk meir skulegang enn dei sju obligatoriske åra på folkeskulen. Dei vart innskrivne for presten om våren det året dei slutta skulen, gjekk til konfirmasjons- førebuing om sommaren og vart konfirmerte om hausten. Så bar det for mange rett ut i arbeidslivet - anten heime på garden, ut i teneste på andre gardar som taus eller dreng, på fiske eller til sjøs, eller på fabrikkarbeid.
I dag kjem konfirmasjonen midt i den lange "mellomfasen" ungdomstida, og markerer ikkje lenger overgangen frå barn til vaksen.

Anders 1916: "Det var eldste granneguten som var tre månader yngre eg var mest i lag med. Når me vart konfirmerte, var det to eldre ungkarar me var mykje i lag med på hyblarne deira. Det var som regel berre når det var festar i ungdomshuset me tok båt og rodde til sentrum.
Når det galdt planar for framtidi, so var her ikkje vegar som sto opne den tidi. Det meste eg hadde interessa for, var å verta sjømann, men foreldra mine hadde liten hug til at eg skulle reisa. So vart det til at eg tok det arbeidet eg kunde få, fyrst i hermetikkfabrikken her (Eikelandsosen), men i dei dagar hadde dei ikkje fryselager som no. Når brislingfisket var slutt i november-desember, var det slutt på arbeidet like til i april-mai att. Me reiste då til Haugesund i storsild- og vårsild-sesongen og jobba der medan den varde."

Trond 1924: "Når det galdt arbeid, var overgangen frå barn til vaksen enkel nok for meg, men krava steig etter kvart. Kvardagslivet gav lite rom for samvær med andre ungdomar. Det vart med foreldre og yngre søsken, og born frå grannegarden."

 
 
Anders Helland (t.v.) saman med to kameratar.
Han vart konfirmant i 1916.
Ella 1927: "Når dei var konfirmerte i dei dagar, då var dei vaksne. Det var alltid litt forandring etter konfirmasjonen. Fekk lov til å gå ut med dei andre ungdommane då. Var mykje saman, men ikkje sånn som no til alle tider. Det var no ein og annan sundagskvelden. Noko fest var det ikkje så ofte." Dersom det var ein fest, hadde dei dans. Øvredalen ungdomslag hadde ungdomsmøte på sundagskvelden - det var veldig kjekt, syntest ho. Dei skreiv i lagsavis, hadde diskusjonskveldar og lærde seg til å styra møte.

Gunda 1930: "Etter konfirmasjonen fekk ein gå på ungdomshuset. Der var folkeviseleik og dans, dans ein gong i månaden." Før det kom ungdomshus hadde dei ein utandørs tribune i Sundfjord, der dei hadde dans. Laget var Lygrepollen Ungdomslag. Broren var leiar der ein periode. Dei hadde handskrive blad, men ho hugsar ikkje kva det heitte.

Klara 1934: Tja - på ein måte markerte konfirmasjonen overgang frå barn til vaksen. Men ho hugsar ikkje noko forskjell på arbeidet og dei krava. Dei hadde arbeidd før òg. Det vart ikkje noko meir skulegang. Ho arbeidde heime.

 
 
Ungdommar frå Skogseid på tur rundt 1930
Bård 1937: "Me vart rekna for vaksne når me var konfirmerte. Særleg jentene - dei måtte ut og syta for seg sjølve når dei var konfirmerte. Me gutane hadde arbeid i verkstaden til far."

Anna 1944 og Martha Marie 1949: "Når du var konfirmert gjekk du rett ut i arbeidslivet og vart rekna som vaksen.
Dei fleste borna på Baldersheim var med i barnelosjen i oppveksten. Etter konfirmasjonen kunne ein gå over i vaksenlosjen, og då minka det på medlemene.
Etter konfirmasjonen kunne ein gå på fest. Enkelte gutar, men slett ikkje alle, ville då prøva alkohol. Eg kan ikkje huska ei einaste jenta som drakk. Det var uvanleg at ei jente drakk. Og det var upassande for ei jenta å røykja ute. Men det med røyk byrja etter krigen."