Komunevåpen Fusa Fusasoga
Bygdabok-prosjektet
Smakebitar frå kjeldene
Tema

Fakta om Fusa
Kart over Fusa

Kontakt oss
Skjermkontakt med lokalhistoria


Visste du dette om Fusa?


Flatemål: 379 km2

Innbyggjartal: 3 676 (01.10.99)

  • Om lag 1400 husstandar
  • 12 bygdeutval + 10 grendalag og velforeiningar

Barn og unge

  • 760 innbyggjarar under 15 år (01.01.99) - 407 gutar og 353 jenter
  • 42 fødde i 1998
    (gj.sn. dei siste 10 åra: ca. 45)
  • 7 barnehagar
  • 2 familiebarnehagar
  • 7 barneskular
  • ungdomsskule
  • vidaregåande skule
 
VM-dronninga Liv Grete Skjelbreid. Foto Hildegunn B. Omdahl, Os og Fusaposten
Eldre

  • 211 personar over 80 år (per 01.01.98) - 67 menn og 144 kvinner
  • 3 institusjonar for eldre
  • 4 pensjonistlag


Jordbruk

  • 181 driftseiningar
  • 21 kvinnelege bønder søkte produksjonstilskot i 1998
  • 10 948 dekar fulldyrka jord, 1 591 dekar overflatedyrka areal, 3 922 dekar beite
  • gjennomsnittsarealet i drift på ein Fusa-gard er 79 dekar - 29 % av det (23 dekar) er leigejord
  • 850 mjølkekyr, 35 ammekyr, 1437 ungdyr
  • 5 690 sauer på utmarksbeite, 3 028 vinterfora sauer
  • 184 mjølkegeiter, 20 andre geiter, 73 kje (under 6 mnd)
  • 30 avlspurker, 628 slaktegrisar
  • 3 181 høner, 26 800 slaktekyllingar
  • 232 revar

Skogbruk

  • om lag 146 km2 skogareal
  • 110 km2 er produktivt skogareal
  • 307 skogeigedomar
  • i 1998 var det registrert aktivitet ved 52 av eigedomane (skogkulturaktivitet, hogst)
  • ståande kubikkmasse i Fusa-skogane: om lag 900 000 m3 - 100 000 m3 gran, 550 000 m3 furu, 220 000 m3 lauvskog
  • det har vore teke ut 2-3000 m3 kubikkmasse i året (registrert hogst inkl. ved). I 1998 var talet nede i 1000 m3.
  • årleg balansekvantum (tilrådd hogst): om lag 30 000 m3
  • årleg tilvekst: om lag 33 000 m3
  • det vert drive skogkulturaktivitet (stell, rydding) ved 40-60 eigedomar årleg - i 1998 utgjorde dette eit skogareal på 341 dekar
  • 50-100 dekar vert planta årleg - hovudsakleg gran


Næringsliv

  • om lag 180 små og store bedrifter
  • bedriftsskatteinntekta var15, 366 mill. i 1998. F.o.m. 1999 går bedriftsskatten til staten (bortsett frå naturressurs-skatten som utgjer 1 mill.)
  • største arbeidsplassen er Frank Mohn Fusa med ca 350 tilsette
  • største kvinnearbeidsplassen er Fusa kommune med ca 300 fast tilsette - 81 % kvinner


Kyrkje

  • 5 kyrkjer
  • 10 kyrkjegardar
  • 1 kolerakyrkjegard

Kultur

  • over 150 frivillige lag og organisasjonar
  • hovudbibliotek, ein filial og bokbuss (saman med Kvam)
  • 2 symjehallar
  • 6 fotballbanar: 4 for 11-ar-fotball - 2 av dei grasbanar
  • 10 ballplassar
  • 2 friidrettsanlegg
  • 6 skyteanlegg
  • 7 orienteringskart
  • 1 ljosløype (2,5 km)
  • 1 hoppbakke (30 m)

     
    Ordførar Asbjørn Heidal med Liv Grete og Ann-Elen

  • aktivt skiskyttarmiljø
  • Fusa-skiskyttarane Ann-Elen og Liv Grete Skjelbreid har vunne både OL- og VM-medaljar. Liv Grete vart VM-dronning i Holmenkollen 2000 med gull på sprinten og fellesstarten. I tillegg tok Raphael Poiree, som også er medlem av Hålandsdal IL, gull på fellesstarten og bronse på 20 km.
  • kommunal ungdomsklubb
  • fritidsklubb for menneske med psykisk utviklingshemming
  • musikk- og kulturskuletilbod
  • bygdekino
  • 27 kulturhus (bygdahus, ungdomshus, bedehus, gamle skulehus)

Infrastruktur

  • 121 km skogsvegar (24 km bilveg, 97 km traktorveg)
  • 69 km kommunale vegar + om lag 5 km gangveg
  • ca 67 km fylkesvegar
  • 42 km riksvegar
  • brannvesenet har i gj.sn. 18 utrykningar i året


Komunevåpen FusaKommunevåpenet
Kommunevåpenet til Fusa er definert som "tre blå spiralar i trepass på sølv botn". Det gjev assosiasjonar til straumkvervlar som har vore avgjerande for å danna alle jettegrytene i kommunen og til namnet Fusa som truleg har sitt opphav i "den strie, kvervlande".