Komunevåpen Fusa Fusasoga
Bygdabok-prosjektet
Smakebitar frå kjeldene
Tema

Fakta om Fusa
Kart over Fusa

Kontakt oss
Skjermkontakt med lokalhistoria

Idrett

Skiskytingshistorie

Moderne skiskyting er ein relativt ung idrett som vart skapt for rundt 50 år sidan. Men skiskytinga har røter tilbake til skisoldatane på 1700-talet og har utvikla seg frå militær idrett. Patruljeløp var olympisk øving frå 1924-1948. Den første verdsmeisterskapen i skiskyting vart skipa til i Austerrike i 1958, den første Noregsmeisterskapen i 1959, og i 1960 vart skiskyting OL-grein. Gjennombrotet for skiskytinga her til lands kom då det vart skipa til VM i Elverum i 1965.

I starten var skiskyting berre ein mannsidrett. Noreg var rett nok tidlegare ute med kvinnelege skiskyttarar enn mange andre land, men det var ikkje før i 1980 at det første NM for kvinner vart skipa til. I VM kom kvinnene med frå 1984, og første felles VM for kvinner og menn var i Austerrike i 1989. Først i 1992 fekk kvinnene vera med i OL.

I Fusa var det tidleg jenter som fatta interesse for skiskyting. Lilly Berland frå Hålandsdalen og Sylvi Bergesen frå Sævareid var begge registrerte som rekruttar i Hordaland skyttarsamlag sine lister f.o.m. 1971 - som dei einaste kvinnene i samlaget.

Skiskyttarane i Noreg var organiserte i Det Frivillige Skyttervesen frå 1961. I 1983 vart Norges Skiskytterforbund stifta og året etter vart det teke opp som særforbund i Norges Idrettsforbund.


Skiskyttar-røtene i Fusa
Skiskyting høyrde i utgangspunktet til skyttarlaga, og innan skytesporten har Fusa lange tradisjonar. Det første skyttarlaget i kommunen, Hålandsdal skyttarlag, vart skipa i 1880 av eldsjela Hans E. Bjørndal. Same mannen tok i 1881 initiativet til å skipa eit skyttarsamlag for Bergen og Hordaland: Hordaland Folkevæpningssamlag, seinare Hordaland skyttarsamlag.
I Fusa var ein òg tidleg ute med kombinasjonen ski og skyting. Alt i 1895 foreslo sersjant M. Høihilder i Fusa skytterlag at samlaget skulle bidra med kr 100,- til ei planlagd ski- og skyteøving mellom Samnanger og Hålandsdalen. Han fekk ikkje løyvinga, og det er uvisst om øvinga vart avvikla. Men han søkte igjen året etter.
Framveksten av skiskyttargruppene i Hordaland hang saman med nedgangstider for skyttarlaga. Då oppslutninga om skytterlaga minka på 1960-talet, fann ein ut at noko måtte gjerast med rekrutteringa. «Skytterlaga tok opp kampen med idrettsorganisasjonane om ungdommen,» skriv Bjørgulv Iversen i jubileumssoga til Hordaland skyttersamlag. Skiskytinga var eit ledd i denne ungdomssatsinga.
I 1963/64 valde Hordaland skyttersamlag sitt første skiskyttarutval, og her var Einar Bergesen frå Sævareid med frå starten.

Korleis hadde det seg at skiskyting vart ein Fusa-idrett?
Med utgangspunkt både i geografisk plassering og i dagens vintervêr er det eigentleg naturstridig at Fusa skulle bli eit av kjerneområda for skiskyting på Vestlandet. Knut Skjelbreid har sagt det slik: «Me låg jo lenger ute med kysten her og hadde ikkje den kulturen verken for å gå på ski eller å driva konkurranse på ski som dei hadde litt lenger inne i landet. Så me hadde jo ein del odds imot oss. Ikkje løypekultur og ikkje instruktørar og ustabile snøforhold.» Men her var eldsjeler og her vart etter kvart skapt eit miljø som har fostra eliteløparar på topplan.
Skiskytinga si vogge i Fusa i moderne tid stod i fabrikkstaden Sævareid. Skiskytinga i Sævareid.
Det kan me takka eldsjela Einar Bergesen og nokre snørike vintrar på siste halvdel av 1960-talet for.

Pioneren Bergesen (f. 1927) hadde ei fortid som ivrig skiløpar og skyttarlagsmedlem. Han var utdanna ved underoffisersskulen i Bergen der det var mykje skytetrening og idrettsaktivitetar. I sitt daglege arbeid var han instruktør i Heimevernet (HV-09) og dreiv mykje med kursverksemd vinterstid på Kvamskogen.

 
 
«Skiskytinga sin far» i Fusa, pioneren Einar Bergesen, har vore læremeister for mange av dei beste skiskyttarane i Hordaland. Han har sjølv ei stor premiesamling både frå skytebanen og skiskyttararenaene.
Han ivra for å få ungdommen i fysisk aktivitet og meinte at ein ved å satsa på skiskyting kan gjera skyting til ein heilårssport. Han har òg all si tid vore ein ivrig talsmann for masseidrett for å fremja folkehelsa, og han har teke sterkt til orde for å satsa på rekrutteringsarbeid i skyttarlaga.
Skiskyttarkursa som han skipa til på Kvamskogen kvart år i januar hadde svært mykje å seia for rekrutteringa både her i kommunen og i heile Hordaland.
Då Hordaland skyttersamlag valde sitt første skiskyttarutval i 1964, var Einar Bergesen sjølvsagt med. Han var formann i ei årrekkje f.o.m. 1965.

Hålandsdal Idrettslag
Men sjølv om det var nokre gode snøvintrar desse åra, kunne ikkje Sævareid ha ambisjonar om å bli nokon vintersportsstad. Den snøsikraste plassen i kommunen var Hålandsdalen, og her hadde dei alt i mange år laga til sporadiske skirenn.
Hålandsdals Idrottslag (HIL) vart skipa som sjølvstendig lag i 1938, etter å ha stått som eit særlag under Hålandsdals Ungdomslag i mange år. Første formannen i laget var Engel K. Skjelbreid, bestefar til Liv Grete og Ann-Elen.
Første skirennet laga HIL til same dagen som laget vart skipa:
20. februar 1938. Løypa på Midtrødheiane var 10 km og 20 mann deltok. Året etter - 26. februar 1939 - kom også kvinnene med.
Første gong det vert fortalt om at løparar frå Hålandsdal Idrottslag deltok på renn andre stader er 26. mars 1939 då 10 mann gjekk langrenn på Raudkleiv. Tilskipar var Omastrand Ungdomslag og 40 løparar deltok. Hålandsdal IL stakk like godt av med dei 3 første plassane. Engel K. Skjelbreid vann på tida 47.51.

 

Skiskyting i dalen
Når kjem skiskytinga inn i biletet i Hålandsdalen? Sjølv om skiskyttarane fram til 1984 høyrde inn under skyttarlaget, hadde dei dobbelt lagsmedlemskap. Og i idrettslaget si møtebok vert skiskyting nemnt første gong 24. januar 1960. Då skipa HV-10 Sogn og Fjordane til skiskytingsrenn på Kvamskogen og HIL sende av garde fem mann. Kåre Berland vart nr. 7 i klasse B, Alfred Tveita nr. 11 og Per Bolstad nr. 12. Engel Hammersland har skrive referatet og kven den femte var, er ikkje nemnd. Men i følgje referenten var det litt av ei oppleving!

I pionertida for skiskytinga samarbeidde idrettsinteresserte i Sævareid og i Hålandsdalen om å skipa til renn. Då det første skiskytings-langrennet, som det vert kalla i møteboka til Hålandsdal Idrettslag, vart skipa til på Holdhus 25. mars 1962, var det Sævareid skyttarlag som stod som arrangør saman med HIL.
Start og mål var på idrettsplassen. Løypa for junior og klassane over 42 år var 5 km, dei hadde 2 standplassar med 5 skot på kvar. Klasse 20-42 år gjekk løypa to gonger og skaut fire gonger 5 skot. Møteboka melder om «svert bra tilslutning til dette rennet.»

Då «den første spretten» var over, dabba skiskyttarinteressa i Sævareid av, og Hålandsdalen overtok. Berre den utflytta sævareidfjordingen Paul Haugen, Einar Bergesen og borna Sylvi og Erlend var med utover på 1970-talet.
I Hålandsdalen derimot auka oppslutnaden om skiskytinga, og skiskytinga vart etter kvart den mest populære idretten. I årsmeldinga til HIL for 1969 heiter det: «Ellers ser det ut til at skiskyting meir og meir riv til seg interessa både blant gamle og unge i Hålandsdalen. Dette har gjerne samanheng med det gode samarbeidet med skyttarlaget og at hovedinteressa om sommaren er skyting.»
Litt etter litt vart det meir trening og spesialisering. «Dei fleste av dei aktive medlemene driv no med skiskyting og dette er ei grein som ligg nærast under skyttarlaget. Rolv Haugarvoll og Knut Skjelbreid har ein del helgar teke på seg å instruera ein del av våre aktive i skiskyting, noko som dei aktive set pris på,» fortel årsmeldinga for 1974.
Dei ivrigaste tok til å reisa rundt på fleire og fleire terminfesta renn. Tida for dei glade amatørar, som gjekk saman og laga til eit renn på kort varsel, når det var snø til det, var over.
 
Lilly Berland (f. 1956) frå Aarra skyttarlag var ei av dei første jentene i Hordaland som starta med skiskyting sesongen 1970/71. Her er ho med på det første offisielle NM for kvinner i Austmarka i mars 1980. Ho deltok elles både i vanleg langrenn og i baneskyting og sparka fotball på skulen - sjølv om lærarinna hardnakka hevda at det ikkje passa for jenter! (Foto: Merete Larsmoen)


Frå skyttarlag til idrettslag
Etter at skiskyttarane hadde skifta frå grovkaliber til kaliber 22 i sesongen 1977/78 vart avstanden til dei tradisjonelle skyttarmiljøa større. Skiskyttarane gjekk etter kvart ut av Det Frivillige Skyttervesen og inn i Norges Idrettsforbund (NIF). Norges Skiskytterforbund vart stifta i 1983, og året etter vart det teke opp som eige særforbund i NIF. Skiskyttarane i Hålandsdalen vart verande i skyttarlaget til i 1984. Då organiserte dei seg som eiga skiskyttargruppe i Hålandsdal IL med Knut Skjelbreid som første formann.

 

Frå Fusa til VM
Skiskytinga i Fusa har utvikla seg enormt, frå å ha utøvarar som gjorde det godt i Hordaland skyttarsamlag og på Vestlandet, via å hevda seg på landsplan til å koma med på landslag, konkurrera med verdseliten og gå heilt til topps.

 
 
«Gull-pappa» Knut Skjelbreid har vore ei drivkraft i skiskyttarmiljøet i Hålandsdalen.
Kåre Berland vart den første samlagsmeisteren frå Fusa i 1967. I 1971 vart Rolv Haugarvoll den første lokale vestlandsmeisteren. «Gull-pappa» Knut Skjelbreid, Rolv Haugarvoll og Hans Berland høyrer til den første skiskyttargenerasjonen i Hålandsdalen som starta som juniorar og dreiv det til NM-nivå i seniorklassen. Så kom ein ny generasjon der Jomar Ragnhildstveit kom så langt som til juniorlandslaget.
På 1990-talet tok systrene Skjelbreid over. Ann-Elen vart juniorverdsmeister på sprinten i 1991 og tok VM-sølv på same distanse i 1996. Ho har vore med på å vinna to VM-gull for lag (1995 og 1997) og OL-bronse på stafetten i 1998.
 
 
VM-dronninga 2000 i Holmenkollen - Liv Grete Skjelbreid. Foto: Hildegunn B. Omdahl, Os og Fusaposten.
Liv Grete var med på dei to sistnemnde. Ho er NM-dronning med 10 individuelle meisterskap - og sjølvsagt VM-dronninga år 2000 med sine to gull.
I dag er skiskyttarmiljøet i Hålandsdalen mellom dei største i Hordaland med rundt 30 aktive løparar frå minirekruttar på 10 år til veteranar på over 40 år. HIL har til saman 120 medlemer.